top of page

Elevtekstanalyse av Til salgs, babysko, aldri brukt

  • 7. sep.
  • 12 min lesing
Føreord

Denne oppgåva, skrive av Ingrid Helene Bergli, presenterer ei summativ vurdering av elevteksta Til salgs, babysko, aldri brukt frå 9. trinn. Vurderinga er forankra i Normprosjektet sine forventningsnormer og viser korleis slike kriterium kan nyttast i praksis. Mange elevar har etterspurt innsikt i korleis norsklærarar vurderer tekstar, og denne oppgåva fungerer som eit eksempel på ei systematisk vurdering. I tillegg viser teksten korleis ei tilbakemelding kan utformast, og korleis ein kan planleggje eit kreativt skriveforløp i tråd med LK20.


Innleiing

I denne oppgåva skal eg gjere ei summativ vurdering av elevteksta Til salgs, babysko, aldri brukt som er skrive av ein elev på 9.trinn. Iversen og Otnes skriv i boka Å lære å skrive, at ei summativ vurdering betyr å analysere teksta for å bestemme nivået, og deretter danne seg eit bilde av kva eleven har prestert (Iversen & Otnes, 2021, s. 56). For å kunne gjere det, brukar eg Normprosjektet, og dei forventningsnormene som er knytt til 7. trinn ettersom det er ei tekst frå 9. trinn. Eg skal så seie noko om kva eg ville lagt vekt på i ei tilbakemelding til eleven. I tillegg skal eg gjere greie for korleis eg som norsklærar kan planleggje for eit kreativt skriveforløp i klasserommet.


Teoretisk rammeverk

Det teoretiske rammeverket for teksta er Normprosjektet. Normprosjektet er ein stor intervensjonsstudie om skriving som grunnleggande ferdighet og vurdering av skriving i norsk skule (Solheim & Matre, 2014, avsnt. 1). Prosjektet tilførte lærarar og elever ei felles forståing av kva rettferdig vurdering kan vere i ulike vurderingssituasjonar. Sidan eg skal vurdere ei tekst på 9.trinn, vil eg bruke forventningsnormene for 7. trinn. Forventningsnormene er delt i syv deldimensjoner, og hengjer tett opp mot den bestemte skrivesituasjonen. I vurderinga, bruker eg dimensjonane til å forstå korleis meistringsnivå eleven er på. Meistringsnivåa går frå 1 til 5, der ein kan seie at nivå 1 er langt under forventa, 5 er langt over forventa, og 3 er akkurat ein forventa prestasjon.


Kontekst

I følge Iversen og Otnes er eit kontekstbasert skrivesyn basert på å forstå, og sjå tekster i lys av kontekstuelle faktorar. Det vil til dømes seie ulike skrivesituasjonar, ulike fagkulturar og ulike skriveformål (Iversen & Otnes, 2021, s.15). Konteksten er derfor viktig å sjå på fordi det både påverkar skriveprestasjonen til eleven, og korleis læraren vurderer teksta. Eleven går i 9.klasse og har nynorsk som hovudmål. Oppgåva til eleven var å skrive ei novelle med utgangspunkt i ein av dei mikrotekstane dei hadde lært om frå før. I tillegg skulle dei bevisst bruke litterære verkemiddel og skrive mellom linene.


Novelle som sjanger

For å kunne analysere og vurdere teksta vidare, vil eg forsøke å feste ei betydning av novellesjangeren. På den måten kan eg vurdere innhaldet i teksta, i høve til sjangeren enklare. Boken Litteraturvitenskapelig leksikon tar opp to kjende definisjonar av novelleomgrepet. «Mens forfatteren Goethe mente at novellen [...] fremstiller «en ukjent begivenhet som har funnet sted», definerer litteraturforskeren Staiger novellen som «en fortelling av middels lengde».» (Lothe, Refsum & Solberg, 2007, s. 154). Eg vil seie at ei novelle, ikkje treng å vere kun ein av desse. På eit spekter av openheit, kan ein seie at novella ligg mellom romanen og dikta. Novella beskriv til dømes ikkje personar i like stor detalj som romanen ville gjort, men er både lengre og meir beskrivande enn det dikt er. Slettan skriv i boka Ungdomslitteratur: ei innføring, at ei novelle har kjenneteikn som at den startar in medias res, og at den gjerne sluttar opent eller overraskande (Slettan, 2014, s. 60). Novella er kjend for å vere vanskeleg å definere, men dei ulike forfattarane legg vekt på at det er kjenneteikna og verkemidla som blir brukt, er samen med på å skape sjangeren.


Vurdering etter Normprosjektets forventningsnormer


Kommunikasjon

Når eg skal vurdere i kva grad teksten kommuniserer med mottakaren på ei relevant måte eller ikkje, er det nokre punkt eg må sjå på. Kommunikasjon i følge Normprosjektet inneber at eleven skal kunne innta relevante skriveposisjonar, og kunne veksle mellom ulike relevante skriveposisjonar (Matre, Solheim, 2012-2017, forventningsnormene, kommunikasjon). Eleven har inntatt ein autoral synsvinkel i teksta, som vil seie at forteljaren ser hendinga utanfrå. Med denne skriveposisjonen, vil eg seie teksta kommuniserer godt. Skrivestilen er oftast eksplisitt, som gjer at mottakaren kan forstå forlaupet i handlinga godt. Til dømes «Ho forteljar Stian at ho har lyst til å adoptere, og til slutt går Stian med på det» (Elevtekst 2, s. 1, avsnt. 3). Eg vurderer denne til M4.


Innhald

I følge Normprosjektet skal eleven presentere og utdjupe eit innhald som er tematisk relevant (Matre, Solheim, 2012-2017, forventningsnormene, innhald). Dette punktet vil eg vurdere opp mot forståinga eleven har for oppgåveteksta. Det formelle rundt å skrive ei novelle på 1-2 sider, med ryddige avsnitt og god struktur, er eleven godt innanfor på. Spørsmålet eg stiller til teksta, er om det er ei novelle eller ikkje. Det er vanskeleg å bedømme ei tekst som eg tenkjer ikkje treff så godt innanfor sjangeren. Oppgåva var også å skrive mellom linene, noko eleven får til i svært liten grad. Det som er bra på innhaldet, er at vi blir kjend med parets tankar og kjensler, til dømes etter Anne får vite at ho ikkje kan bli gravid, «Dette var tungt for Anne og Stian. Det var som om dei såg heile livene deira passere i revy» (Elevtekst 2, s. 1, avsnt. 2). Eleven har også fått til ei god spenningskurve mot slutten av forteljinga, og vendepunktet kjem i nokon grad overraskande. Dette til saman gjer at eg vurderer innhaldet til meistringsnivå 2.


Tekstoppbygging

Tekstoppbygging handlar i stor grad om at eleven skal meistre ulike måtar å strukturere tekstar på. Det å strukturera tekster inneber ofte å skape samanheng i ei tekst. I følge Å lære å skrive av Iversen og Otnes kallar vi eksplisitt samanheng i ei tekst for kohesjon (Iversen & Otnes, 2021, s. 150). Begrepet betyr at noko hengjer saman, og her vil eg sjå på om eleven har gjennomgåande samanheng i heile teksta si. Den gjennomgåande samanhengen er knytt mot blant anna temaet som teksta skildrar. Eit tema som skil seg klarast ut er draumen og håpet om å få barn. Dette finn vi gjennomgåande i teksta og eleven brukar ord og setningar som kan likne på kvarandre for å få frem dette på ein god måte. Til dømes at teksta innleiast med det sterke ønskje om å stifte familie, til at alle draumane deira passerer i revy, men at draumen om at dei skal få ei lita prinsesse blir oppfylt til slutt. Sorga som ber preg i teksta etter at dei får telefonen frå naboen, er også med på å skapa den raude tråden for mottakaren. Flyten i teksta er derfor svært god, og er noko eleven meistrar veldig bra.


På ei anna side, står det i Normprosjektet at eleven i tillegg skal meistre å komponere teksta på ein føremålstenleg måte jamfør til sjanger. Desverre meiner eg at eleven har eit altfor stort fokus på berre spenningskurva og vendepunktet, framfør andre viktige kjenneteikn. Til dømes startar ikkje forteljinga in medias res, ho forgår over langt meir tid enn det ei novelle bør, og språket er veldig eksplisitt. Til dømes «Anne og Stian har lenge ønska å stifte ein familie» (Elevtekst 2, s. 1, avsnt. 1). Det kan verke som at handlinga skjer kvart fall over eitt år. Sidan det på den eine sida er veldig bra, men på den andre sida ikkje vurderer eg tekstoppbygginga til M3.


Språkbruk

I Normprosjektet står det under språkbruk, at eleven skal bruke ein relevant språkleg stil (Matre, Solheim, 2012-2017, forventningsnormene, språkbruk). Som nemnt i førre avsnitt, er språket i teksta svært direkte, til dømes «Anne får beskjed av legene at ho ikkje kan bli gravid» (Elevtekst 2, s. 1, avsnt. 1). Dette er gjennomgåande i heile teksta, og noko eg synst ikkje alltid er relevant for novellesjangeren. Det er altså ikkje brukt noko indirekte språk eller språklege bilde, som er eit viktig verkemiddel i novellesjangeren. Forventingsnorma om å bruke ein relevant språkleg stil, er derfor under forventa i høve til elevteksta.


I tillegg vil eg vurdere variasjonen i språket til eleven. I følge Iversen og Otnes Å lære å skrive, skriv de at forfeltet i ein tekst er ein nemning på det fyrste setningsleddet i forteljande heilsetningar på norsk (Iversen & Otnes, 2021, s. 197). Forfeltet i elevteksta startar svært ofte på ordet «dei», og dette ser ein opp mot tre stader i det sama avsnittet, til dømes «Dei reiser heim igjen, men har ofte kontakt med mora til barnet. Dei sender pengar til ho [...]» (Elevtekst 2, s. 1, avsnt. 3). Alt i alt vurderer eg språkbruk til meistringsnivå 2, fordi eleven prestar under forventa på dei fleste punkt.


Rettskriving og formverk

Rettskriving og formverk inneber blant anna ortografisk skriving, som er rettskriving og stavemåte. Det inneber også skiljet mellom og/å, når/da og for/får. Eleven skriv for det meste rett, så det er svært få skrivefeil eller særskrivingsfeil. Det kan vere eit eller to ord som er skrive med feil forbokstav, til dømes «nuligheten» (Elevtekst 2, s. 1, avsnt. 3). I fjerde avsnitt skriv eleven «Ein dag for dei ei melding [...]», der det eigentleg skulle stått «får» (Elevtekst 2, s. 1, avsnt. 4). Dette er så små feil, at eg synst det må kunne aksepterast på M5. Derfor synst eg eleven ligger på det høgaste nivå her.


Teiknsetting

Teiknsetting inneber å meistre bruk av blant anna komma mellom heilsetningar og etter leddsetningar. Norsk 5- 10 språkboka av Igland og Nygård skriv at ei heilsetning fungerer som ei sjølvstendig ytring, medan ei leddsetning ikkje gjer meining viss den står åleine (Igland & Nygård, 2021, s. 131). Eleven meistrar bruk av komma etter leddsetningar og i heilsetningar svært bra, til dømes på leddsetning «Alle vennane deira har fått unger og ser ut til å ha det så fint, men det er ikkje like lett for alle» (elevtekst 2, s. 1, avsnt. 1). Eg vurderer dette punktet til M5.


Bruk av skriftmediet

Eleven meistrar bruk av skriftmediet veldig godt. I følge Normprosjektet handlar det blant anna om å lage eit hensiktsmessig sideoppsett og markere avsnitt grafisk (Matre, Solheim, 2012- 2017, forventningsnormene, bruk av skriftmediet). Eg vurderer sideoppsettet som over forventa, og avsnitta blir markert med eit lineskift. Til tross for at overgangen mellom fyrste og andre avsnitt ikkje er som det burde, veier resten av teksta opp for det. Eg vil dermed også vurdere meistringsnivået til M5.


Tabelloversikt over totalvurdering av Normprosjektet. Til salgs, babysko, aldri brukt
Tabelloversikt over totalvurdering av Normprosjektet. Av Ingrid Helene Bergli.

Tilbakemelding

Når ein skal gje tilbakemelding til elevar, kan ein som lærar velje mellom skriftleg eller munnleg respons. Mens ei skriftleg tilbakemelding har til fordel å vere tidssparande og konkret, kan munnlege tilbakemeldingar opne meir opp for dialog og eventuelle spørsmål. Ser ein i boka Å lære å skrive kan man velje enten skrivebasert eller tekstbasert respons (Iversen & Otnes, 2021, s. 57). Det er også mogeleg å tilbakemelde ei tekst i kombinasjon av desse. Skrivebasert respons går ut på å ta utgangspunkt i ståstaden til eleven, og vidareutvikle nivået til den enkelte for å bli ein betre skrivar. Tekstbasert respons inneber å ta utgangspunkt i teksta, som blir vurdert ut frå tekstlege kriterium og relevante aspekta ved fag- og skrivekompetanse for det aktuelle alderstrinnet (Iversen & Otnes, 2021, s. 58)


Sidan eg ikkje kjenner eleven meir enn det som står i konteksten til oppgåva, og i tillegg analysert teksta etter Normprosjektet vil eg gje eleven ei tekstbasert tilbakemelding. Ser vi fyrst på grafen etter totalvurderinga, ligg eleven på middels måloppnåing. Eleven er svært sterk på alt det formelle i ei tekst, og er noko eg ville ha løfta frem. Avsnitta, strukturen og rettskriving er svært bra, og som gjer at eg ser eit stort potensiale i eleven. I ei framovermelding ville eg vektlagt å utvikle ein sterkare forståing av novellesjangeren. Eleven kunne til dømes fått i oppgåve å utdjupe ei hending frå forteljinga, til dømes beskrive kva som eigentleg skjedde den dagen dei reiste til Indonesia. Eg trur eleven treng å trene på å skildre eller beskrive noko meir konkret. Dette hengjer også saman med kreativitet og tenkje gjennom kva eigenskapar ulike menneske og ting har.


Å planleggje for eit kreativt skriveforlaup i klasserommet

Det er viktig å leggja til rette for at eit kreativt skriveforlaup er for alle elver, og ikkje berre dei elevane som kjenner seg veldig inspirerte. I Kunnskapsløftet frå 2020 under overordna del, står følgande:


«Kreative og skapande evner bidrar til å gjere samfunnet rikare. Samarbeid inspirerer til nytenking og entreprenørskap, slik at nye idear omsetjast til handling. Elevar som lærer om og gjennom skapande verksemd, utviklar evna til å uttrykkje seg på ulike måtar og til å løyse problem og stille nye spørsmål.» (Kunnskapsdepartementet, 2017)


Som norsklærar hadde eg tatt utgangspunkt i LK20, for å planleggje eit kreativt skriveforlaup i klasserommet. I 101 måter å fremme muntlige ferdigheter på av Kverndokken og Bakke, skriv dei om kva eit kreativt skriveforlaup kan vere. Dei bringar opp ei studie gjort av forskarane Carey og Flowers, som i korte trekk gjekk ut på å finne ut kva som kjenneteikna eit kreativt produkt. Studien viste seg å avdekka nokre viktige forutsetningar:


«For det første må skriveren ha god tid på seg. Planlegging og revisjon er viktige komponenter i den kreative prosessen, og begge deler tar tid. For det andre bør skriveren ha et personlig engasjement i og motivasjon for skrivingen. [...]. For det tredje bør oppgaven være tilstrekklig åpen» (Kverndokkken & Bakke, 2024, s. 41).


Med dette som utgangspunkt, vil eg bruke baklengs planlegging som metode. Å planlegge baklengs vil i følge Å lære å skrive innebere fyrst å tenkje over kva elevane skal ha lært når et undervisningsprosjekt er ferdig gjennomført (Iversen & Otnes, 2021, s. 33). Målet eg vil at klassa skal nå under perioden vi skal ha fokus på kreativ skriving, er et kompetansemål frå 10.trinn: «Uttrykkje seg i ulike sjangrar og eksperimentere med sjangrar på kreative måtar» (Kunnskapsdepartementet, 2019). Oppgåva eg vil gje er å skrive ein kreativ jobbsøknad til ein valfri bedrift, og elevane vil få fire veker til teksta skal vere ferdig. Dette meiner eg er ei oppgåve som treff alle tre forutsetningane i høve til forskingsstudien, samt at den går under kompetansemålet.


Gjennomføringa vil eg skal skje gjennom ein realistisk fasemodell. Iversen og Otnes skriv i Å lære å skrive at ein fasemodell kan sjå slik ut i dag: førskrivefase skrivefase [...] – revisjonsfase sluttføringsfase (Iversen & Otnes, 2021, s. 35). Eg vil presentere oppgåva på ei måte som får dei til å tenkje over kva dei enten draumar om å bli, eller heilt konkret vil bli. I førskrivingsfasen, vil eg at elevane skal idemyldre, dei skal fyrst snakka med sidemann om ulike yrker dei kan førestill seg. Deretter velje ut eit par som seies høgt. Eg vil laga eit felles tankekart på tavla, slik at dei som kanskje ikkje heilt veitt kan få idear frå dei andre i klassen.


Eg vil deretter gje dei ei veke på å skrive eit fyrsteutkast, og leggje vekt på at det ikkje treng å vere perfekt. Revideringsfasen betyr å sjå teksta på nytt, og er fasen som er veldig viktig for at elevane skal halde motivasjonen oppe. Her ønskjer eg å gje alle ei kort formativ tilbakemelding, samt mogelegheit for å stille spørsmål om si eiga tekst i timen. I sluttføringsfasen skal dei gå to og to saman, og lese opp kvar si søknad der mottakaren skal gje ei kort vurdering om dei får jobb eller ikkje.


Avslutning

I denne teksta har eg gjort ei grundig analyse og vurdering av elevteksta Til salgs, babysko, aldri brukt. Samt forklart kva eg ville lagt vekt på i ei tilbakemelding. Gjennom tilbakemeldinga eg gjer til eleven, koplar eg kreativ skriving på slik at overgangen mellom dei to oppgåvedelane flyt litt inn i kvarandre. Til slutt gjer eg greie for korleis eg ville planlagt eit kreativt skriveforlaup i klasserommet og forankrar det til Kunnskapsløftet, ei forskingsstudie og fasar i ei skriveprosess.


For å oppsummera elevtekstanalysen, vil eg trekke frem nokre sentrale punkt. Eg har i hovudsak brukt Normprosjektet for å kunne danne meg eit bilde av korleis eleven har prestert. Ein ser at teksta ber preg av ein motivert og engasjert skrivar. Kommunikasjon, tekstoppbygging, rettskriving, teiknsetting og bruk av skriftmediet er dei punkta eleven er best på. Eleven er veldig god til å fortelje, og teksten er på et høgt nivå, spesielt viss ein ser på det narrative forlaupet og handlinga. Ein summativ vurdering er også en forutsetning for ein formativ vurdering (Iversen & Otnes, 2021, s.57). Eg har gjort ei analyse, og dermed forklart ulike aspekt eleven må jobbe vidare med gjennom ei tekstbasert tilbakemelding. Spesielt må eleven jobbe vidare med skildringar og uttrykke beskrivingar skriftleg. Eleven har utfordringar med å skrive mellom linene og innanfor sjangeren. På den måten svarar ikkje eleven så godt på oppgåva og eg ville nok gjett tilbakemelding på at eleven må sjå nøye på kva oppgåva spør om. I høve til konteksta, og at eleven hadde lært om noveller før skrivinga, forventa eg at teksta skulle ber meir trekk av sjangeren.


Avslutningsvis vil eg vektleggja viktigheita med å jobbe kreativt i skulen. Ved å ta utgangspunkt i Kunnskapsløftet 2020, og studien til Carey og Flowers om kva eit kreativt produkt er, styrte dette oppgåva eg valte å formulere. Eg ville knytte kvardagen til elevane opp mot kreativ skriving i skulen. Ved å ha tre ulike forutsetningar på kva eit kreativt produkt er, og i tillegg kunne knytte det opp mot eit kompetansemål, dannar dette ei ramme for meg som lærar. Å skrive ein jobbsøknad er noko 10.klassingar kjem til å møte på i næraste framtid, og som er ser på som veldig nyttig å lære på skulen. Eg tenkjer derfor at oppgåva vil falla i smak for dei fleste, og er med på å oppmuntre elevane til å utforske kreative uttrykk og skriveevne.


Litteraturliste

Bakke, J. O. (2024). 101 måter å fremme muntlige ferdigheter på: en teoretisk og

praktisk muntlighetsdidaktikk (2. utgave.). Fagbokforlaget.


Igland, M.-A., & Nygård, M. (2021). Norsk 5-10 : språkboka (2. utgave.).

Universitetsforlaget.


Iversen, H. M., & Otnes, H. (2021). Å lære å skrive : tekstkompetanse i norskfagets

skriveopplæring (2. utgave.). Universitetsforlaget.


Kunnskapsdepartementet (2017). Overordna del – skaparglede, engasjement og

utforskartrong. Fastsett ved kongeleg resolusjon. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020.


Kunnskapsdepartementet (2019). Læreplan i norsk (NOR01-06). Fastsatt som

forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020.


Lothe, J., Refsum, C., Solberg, U., & Kittang, A. (2007). Litteraturvitenskapelig

leksikon (2. utg., p. 253). Kunnskapsforlaget.


Slettan, S. (2014). Ungdomslitteratur : ei innføring (p. 256). Cappelen Damm

akademisk.


Solheim, R. & Matre, S. (2014). Forvetninger om skrivekompetanse. Perspektiver på

skriving, skriveopplæring og vurdering i «Normprosjektet». Viden om Læsing. (15),

76-89.


Kommentarer


bottom of page